top of page
trim027

Fakkeltog og «Petter Nygjerdes marsj» nyttårsafta

God jul, snart er det også nytt år!

Moltustranda IL, Trim & Aktivitet, inviterer alle til fakkeltog nyttårsafta.


For dei som vil vere med til Storhanen og gå «Petter Nygjerdes marsj». Turen går frå Kvia til Storhanen. Hugs hovudlykt! Der oppe blir det vardebrenning og fyrverkeri-oppskytinga

Ta kontakt med, Erik S. Slettebakk, om du vil vere med. Turen startar 18.30 frå avkøyrsla til Kvia.


Kl. 19.00 på Moltu skule. Det blir bålpanne og servering av gløgg og pepperkaker. Vi bur her vi bur, men vermeldlingane ser lovande ut.


Kl. 19.30 går fakkeltoget frå skulen. Opp ved «Butikken», til Barnehagen, ned bratte bakken og tilbake til skulen.


Oppskyting av fyrverkeri frå Storhanen og skule plassen etter fakkeltoget.


Hjarteleg velkomne til alle! Både dei som vil gå i fakkeltog, gå «Petter Nygjerdes marsj» eller til dei som ynskjer treffe andre til ein prat rundt bålpanna.


Fakkel kr. 50,- Vipps eller kontant.


God jul vidare!


Helsing

Moltustranda IL, Trim & Aktivitet

تعليقات


bottom of page